Ny innvandrar i Noreg
Du er her:

Ny innvandrar i Noreg

Rettar, plikter og moglegheiter spesielt for nyinnkomne innvandrarar

Utlendingar som ønskjer å busetje seg i Noreg, treng eit lovleg opphaldsgrunnlag for å få opphaldsløyve. Den typen opphaldsløyve ein har, utløyser ulike rettar og plikter. Alle må sjølv setje seg inn i kva for reglar som gjeld for dei.

Alle som bur i Noreg, har plikt til å setje seg inn i landets lover og reglar. Ein har også plikt til å gje korrekt informasjon når det offentlege ber om det.

Fakta

Alle som bur i Noreg, har mange rettar og plikter

Dette tyder til dømes at alle barn har rett til å gå på skulen, og at alle har rett til behandling på sjukehus. Alle som arbeider, har plikt til å betale skatt. Og når vi leverer inn sjølvmelding kvart år, har vi plikt til å gje korrekt informasjon. Du kan lese meir om det som gjeld for alle innbyggjarane i Noreg, under dei ulike emna på denne nettstaden.

Systemet byggjer på tillit

Styresmaktene lit på at innbyggjarane gjev riktige opplysningar og følgjer lova. Heile det norske systemet er bygd på dette prinsippet. Sjølv om det finst kontrollsystem, blir det ofte berre teke stikkprøver. Personar som blir tekne i å lure systemet, vil møte ulike straffereaksjonar. Dette kan vere bøter, fengselsstraff, samfunnsteneste, o.l.