Demokrati og velferdssamfunn

NAV

Alle kommunar i Noreg har eit NAV-kontor. På NAV-kontoret kan vi få hjelp dersom vi treng å kvalifisere oss til å kome i arbeid, eller om vi treng økonomisk hjelp i sjukdomsperiodar eller andre vanskelege periodar i livet. I tillegg har NAV ansvaret for alle trygdeordningar i Noreg. NAV har også ansvaret for sosialhjelp. NAV har ikkje ansvaret for at vi får eller har arbeid, sjølv om det er eit mål å få fleire i arbeid.

Fakta

Nokre av hovudmåla til NAV er

    • å få fleire i arbeid og aktivitet, færre på støtteordningar
    • å bidra til ei velfungerande arbeidsmarknad
    • å gje god service som er tilpassa brukarane sine føresetnader og behov

NAV

LØS OPPGAVENE